Kommunale gebyr

og eigedomsavgifter i Fitjar 2016

Annar Westerheim. Foto: Harald Johan Sandvik

Regelverket for gebyr vert vidareført, men satsane aukar.

Ny plan og bygningslov frå 1. juli 2015, som inneber at færre einingar krev byggemelding, reduserer det noverande inntektsgrunnlaget, og satsane for sakshandsamingsgebyr må difor aukast. Kommunen skal driva tekniske tenester til sjølvkost.

I botnen for regulativet ligg storleiken M, som er ei fast eining. Eksempel: Sakshandsamingsgebyr for einebustad eller fritidsbustad under 200 m2 gir eit gebyr på 10 M.

M vert no auka frå kr. 2.400 til kr. 2.800. 

På eigedomsavgifter er det små endringar. Vatn og kloakk er u-endra, renovasjon får 2 % auke etter tilråding frå SIM, medan gebyr for slam vert redusert. Feiing vert auka med kr. 20. Gratis prøveordning med innhenting av plast og tekstil vert vidareført i 2016.

Annar Westerheim kommenterte at dette er ei gladsak! Eigedomsavgiftene har ikkje auka på fleire år!