Sekretariat i kontrollutvalet

Illustrasjonsfoto: Harald Johan Sandvik

Kommunestyret seier opp avtalen med fylket.

Kommunen har kjøpt sekretærtenester til kontrollutvalet frå Hordaland fylkeskommune sidan januar 2008. Bakgrunnen er at kommunestyret pliktar å sørgja for sekretærhjelp til utvalet, men sekretariatet kan ikkje leggjast til kommunen sin administrasjon, og det skal vera uavhengig av revisor.

Samtidig er det fornuftig at ein slik avtale ikkje er for langvarig. I dette tilfellet vert det 9 år. Det er eitt år oppseiingstid, og avslutting vert då 31.12.2016. 

Kommunestyret gjorde onsdag samrøystes vedtak om å seia opp avtalen, og gav rådmannen fullmakt til å lysa ut sekretariatstenestene, eventuelt i samarbeid med nabokommunar. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka.