Første løft med travelliften

 

Foto: Jan Thore Josdal

Sist måndag gjennomførte FMV sitt første løft med travelliften etter at dei har fått på plass fasilitetar som har gjort dette mogeleg. Den første båten som vart løfta var FMV Bygg 204 – SAFIR som vart levert i mai 2013 til Stava Sjø v/Trond Stava.

Båten klar til å bli løfta opp. Foto: Jan Thore Josdal

Om liften som dei har gjeve namnet «Karlsvogna» Roodberg PHP300, og dei nye fasilitetane skriv FMV:

«Medan dei fleste andre verft har spesialisert seg på enten nybygging eller service har FMV gjort begge delar, og sidan 2010 har me bokstaveleg talt lagt stein på stein og utvikla FMV Sveiseneset. Dei mest synlege endringane er eit større verftsområde og satsinga på serviceanlegg med nye kaipirar, miljøstasjon og «Karlsvogna», men me har også samstundes utvikla kompetanse og servicetilbod.

FMV har alltid hatt som eit spesielt mål å kunna tena reiarlag i vår region, uansett bransje. Opp gjennom åra har me gjort mykje arbeid på fiskebåtar og offshorefartøy, og dei siste åra også på arbeidsbåtar kor me òg kan tilby serviceavtalar. No framover håpar me også på besøk av brønnbåtar.

Serviceanlegg
Serviceanlegget me byggjer no er retta mot farkostar, både båtar og flåtar, på opp til 30 meters lengde og med vekt opp til 300 tonn. Me ser at til dømes havbruksnæringa etterspør mange tenester som FMV no kan tilby, og me har som mål å tilby eit komplett tenestetilbod og bli «one stop» for våre kundar. 

Me eig også endå eit industriområde ved sjøen, FMV Årskog på ca 32 mål, 3-4 km frå FMV Sveiseneset. Foreløpig nyttar me berre delar av dette til baseverksemd og lagring, men vonleg vil det i framtida bli auka aktivitet der også.

Alle reiarlag og båtar, store som små, er velkomne til FMV. Me løftar stadig meir og tek godt i mot.

 FMV kan no ta på land farkostar på opptil LxB 30 x 15 m og 300 tonn.»

Løftet sett frå sida. Foto: Jan Thore Josdal