Bilen hamna på taket i vegkanten på motsett side av vegen. Foto: Kjetil Rydland.

Alvorleg skadd i bilulykke

To mann blei skadde i ei bilulykke på Tveita natt til i dag, den eine av desse alvorleg.

Det var klokka 01.05 i natt politiet fekk melding om ulykka, som fann stad på fv. 545 på Tveita. Bilen kom sørfrå, og har kome over i feil køyrefelt i Søtveitesvingen, og hamna på taket i vegkanten på motsett side.

Den eine personen blei frakta til Stord sjukehus, medan den hardast skadde blei frakta med ambulansehelikopter til Haukeland universitetssjukehus.


Bilen kom over i feil kjørefelt og trefte den kraftige granleggen midt på biletet. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjarposten snakka med operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen hos politiet søndag middag. Han kunne han fortelja at dei ikkje visste noko om årsaka på noverande tidspunkt. Men han stadfesta at det var eit einsleg køyretøy som hadde kome over på feil side av vegen og køyrt i eit tre.

Saka vert følgt opp av Stord lensmannskontor, som vil foreta nødvendige avhøyr og følgja opp saka vidare.

Måndag vart dei skadde sin status endra til lettare skadd.