Stoppa på stolne mopedar

Natt til laurdag blei ei dame og ein mann stoppa på stolne mopedar i Fitjar, melder politiet på Twitter.

Kl. 03.45 i natt stoppa politiet ei dame og ein mann på fylkesveg 545 i Fitjar på stolne mopedar.

Begge blei pågripne og framstilte for prøvetaking, då dei framstod som rusa, melder operasjonssentralen i Haugesund på Twitter.