Straumbrotet i går

Fitjarposten har fått spørsmål om straumbrotet i går, og me sende spørsmålet vidare til Fitjar Kraftlag som nedanfor fortel kva som skjedde.

Me har fått følgjande svar frå Hans-Christian Helland i Kraftlaget:

«Straumen var vekke for kundar på austsida av Storavatnet, Øvrebygda, Koløy og Dåfjorden frå kl. 20.49 torsdag kveld. Feilen blei lokalisert til ein transformator på Årbø. Dei fleste kundane fekk straumen igjen før kl.23.00. På Årbø måtte transformatoren skiftast, og arbeidet var ferdig og alle hadde straum kl.02.05.

– Årsaka er ikkje kjent, men me har fått opplysningar frå kundar som har sett eit lynglimt i dette tidsrommet, skriv Helland, til slutt, og fitjarposten.no takkar for svaret.