Fitjar Musikklag ønskjer fleire folk

Foto: Privat

– Ynskjer du å verta ein del av eit godt sosialt og musikalsk miljø? Ynskjer du å utvida bekjentskaper i bygda? Ynskjer du å verta ein del av ein fantastisk gjeng? Då kan Fitjar musikklag vera noko for deg, skriv musikklagsdirigent Ragnhild Prestbø.

 

Og ho fortset: – Me kan tilby aspirantundervisning dersom du aldri har spelt eit messinginstrument før, og me kan tilby deg å koma rett inn i Musikklaget dersom du har hatt  pause i eit år eller ti. 

Aspirantopplegget til Fitjar Musikklag er unikt. Det er ikkje nokre andre amatørkorps som har fått stabla eit slikt opplegg på beina. Opplegget går over 12 øvingar, der det vert fokus på det grunnleggjande for å kunna spela eit messinginstrument. 

I haust har me hatt sju engasjerte aspirantar (gjennomsnitt ca. 50 år), som no er komen inn i Musikklaget. Dette synte seg å vera stor suksess, og er noko som me ynskjer å gjenta. 

Fitjar Musikklag er ope for alle. Dersom du sit heime og syns det høyrest kjekt ut, men er usikker på om det er noko for deg, er du hjarteleg velkomen til å prøva. Er du ung eller litt eldre, messingblåsar eller ikkje messingblåsar, notelesar eller ikkje notelesar – me har opplegg å tilby alle!

 Er du interessert eller har du spørsmål?  Me håpar å høyra frå nettopp deg! 

Ta kontakt med dirigent Ragnhild Prestbø på tlf. 906 55 556 for meir informasjon.