Nyttårsfeiring på Fitjar bedehus 

Det vert i år arrangert nyttårsfeiring på Fitjar bedehus for folk i alle aldrar. Påmeldingsfristen er allereie søndag 13. desember.

Festen tek til på nyttårsafta kl. 18.00. Det vert god mat med koldtbord med varmrett og seinare dessertar og kaker. Så vert det underhaldning, leik og morro, samling i kyrkja kl. 23.00 og elles god tid til å sitta ned, prata og slappa av saman med kvarandre.

Maten vert bestilt og kvar einskild må dekka sin kuvert. Prisen for vaksne og ungdomar over 13 år er 270,-. For dei mellom 6 og 12 år kostar det 130,-. 3,4 og 5-åringane må betala 70,- medan dei under 3 år er gratis. 

På grunn av at det går mot jul med mange fridagar, alt skal planleggjast og maten skal bestillast så må ein melda seg på allereie innan søndag 13. desember. Påmelding skjer til Helga Rimmereid på telefon 975 28 001 eller på e-post helgari@frisurf.no. Ho kan og kontaktast om ein har spørsmål angåande festen.

Det er Fitjar indremisjon som står bak arrangementet og absolutt alle er velkomne til å melda seg på og vera med !