Ingrid Vestbøstad frå Sparebanken Vest og rekrutt Eivind Gloppen, som nett har fått pokalen sin. Foto: Kjetil Rydland.

Blanke pokalar for miniatyrskyting

Ein stor flokk fylte klubbhuset til Fitjar Skyttarlag i Årskog torsdag kveld då Knut Vik delte ut pokalar for siste økta med miniatyrskyting.

Klubbhuset var fullt, om lag 50 skyttarar med smått og stort, møtte opp til premieutdelinga torsdag kveld. Og det skein i pokalane til dei glade skyttarane.


Ein flott gjeng med lovande skyttarar. Foto: Kjetil Rydland.

Men det var ikkje berre pokalane som skein i kveld. Også den nye leiaren i Fitjar Skyttarlag, Anna Bodil Hestenes Tislevoll, skein litt ekstra. Møtelyden hadde nemleg fått besøk av Ingrid Vestbøstad frå Sparebanken Vest. Ho hadde med seg 10 000 blanke korner til dei ivrige skyttarane.


Kjekt med skyting, synest Anna Bodil Hestenes Tislevoll, Knut Vik og Ingrid Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland.

Etter det me forstår, får pengane bein å gå på, for Anna Bodil lova skyttarane sine tre nye gevær til jul. Dei kostar vel 18 000 kroner kvar, så skyting er nok ikkje akkurat ein billig sport.

Men skal me dømma etter stemninga på kveldens premieutdeling, er det ein kjekk sport. Praten gjekk lett, og låtten sat laust rundt borda då skyttarane delte kaffi, julebrus og kaker i kveld.

I haust blei det ikkje miniatyrskyting fordi geværa har vore inne til ettersyn, og dei blei ikkje klare tidsnok. Men Knut Vik og Anna Bodil lovar at det blir ny runde med miniatyrskyting frå slutten av januar. Det vil koma lysing på Fitjarposten.


Alfred Auestad, Brian Kvia Midtun og Hallstein Sæterbø kosar seg med brus og kjeks. Foto: Kjetil Rydland.