Ferje på grunn på Sandvikvåg

Her, like utanfor innseglinga til Sandvikvåg, ligg MF «Heilhorn» på grunn. Foto: Håkon C. Hartvedt

Austevollferja «Heilhorn» har gått på grunn på Sandvikvåg. 13 passasjar  og fem frå mannskapet vart evakuert og tekne om bord i Raunefjord.

Ferja var akkurat gått frå Sandvikvåg med kurs for Husavik då han gjekk på grunn like utom innseglinga til Sandvikvåg, rundt kl. 18.20.

13 passasjerar og fem frå mannskapet vart evakuert og tekne ombord i MF «Raunefjord», som til vanleg går mellom Halhjem og Sandvikvåg. «Raunefjord» vart liggjande igjen på det eine ferjeleiet til politiet hadde fått snakka med dei evakuerte passasjerane.

– Det er ingen dramatikk, grunnstøtingen er ganske udramatisk, seier redningsleder Børge Galta hos hovudredningssentralen til bt.no, og det same kunne politiet stadfeste overfor fitjarposten.no. Ingen vart heller fysisk skadd, men grunnstøtinga gjorde at nokon fekk ein støkk.

Ikkje noko vanleg syn. To Halhjemferjer låg ei stund til kai samstundes pga grunnstøtinga til Austevollferja. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Tenkte på Sleipner

Kristin og Silje Sandtorv fekk seg ein støkk og var prega etter grunnstøtinga. – Eg tenkte på Sleipner då det small, sa Kristin til fitjarposten.no.

– Det small voldsomt, og eg må innrømme at tanken på Sleipnerulykka, då hurtigbåten «Sleipner» gjekk på Store Bloksen i 1999, fòr igjennom hovudet mitt, seier Kristin Sandtorv.  Saman med dottera Silje Sandtorv var på veg heim til Austevoll etter julehandel på Stord, då grunnstøtinga skjedde. Og Silje nikkar.

– Men me må få rose mannskapa, både på MF «Heilhorn» og MF «Raunefjord», seier dei.

– Mannskapet på «Heilhorn» fekk roa oss ned og kom med redningsvestar, og då me kom over i «Raunefjord» vart me svært godt mottekne, seier dei.
Og heim kjem dei seg nok i kveld. Det vart sett inn ferje som skulle gå frå Sandvikvåg kl. 20.30, etter det me forstod,