«Julekos på loftet»

Foto: Stockphoto

Elevar frå Barne- og ungdomsfag på Fitjar vgs inviterer born til å vere med på peparkakedekorering i 2. høgda i Larsenbygget.

Lærar Sissel Jørgensen fortel til fitjarposten.no at det er born mellom tre og seks år det er snakk om. Og peparkakene som vert dekorert vil bli sett opp i Peparkakebygda, men om borna heller ønskjer å ta det dei har laga med seg heim, er det sjølvsagt i orden det òg.

Aktiviteten vil starta 12. desember kl. 12.00 utanfor Kafeen, og vil vare til rundt kl. 14.00.

– Foreldre som ønskjer å vere med er sjølvsagt invitert, men i hovudsak treng dei ikkje vere til stades under aktiviteten. Prisen for å delta er kr. 50,-.
Desse pengane går uavkorta til Fitjar vgs sitt hjelpeprosjekt i Ukraina.

For nærare opplysningar kan ein kontakta Sandra Pedersen på mobil: 941 76 466.