Lanserer TV utanfor heimen Lanserer TV utanfor heimen  

Fitjar Kraftlag sine kunder kan no ta med seg 27 TV-kanalar utanfor heimen sine fire veggar og sjå dei på sine mobile skjermar. 

Fitjar Kraftlag sine TV-kundar har tenesta Altibox TV Overalt inkludert i abonnementet sitt. Dette er ei straumeteneste som lar TV-kundane sjå over 40 kanalar på den skjermen dei ønskjer heime hos seg sjølv. 

Med dei nye rettane Altibox har jobba fram kan 27 av TV-kanalane no sjåast utanfor hjemmenettverket på mobil, nettbrett og laptop.  

Live-tv rett i lomma
Nokre av kanalane som no er tilgjengelege på denne måten er:  NRK1, NRK Super, Disney Channel, CNN, Fox, BBC Brit, BBC World News og National Geographic Channel.  

– Altibox TV Overalt gjer dei mindre skjermane om til trådlause TV-ar. Kundane kan dermed sjå på nyheiter og aktuelle direktesendte program både på bussen og på hytta. Denne typen fleksibilitet og valfridom er òg grunnsteinane i vår TV-satsing framover. Målet er at våre kundar kan konsumere alt innhald «uavhengig av tid, sted og enhet», seier produktdirektør Øyvind Lundbakk i Altibox.  

Fersk film på små skjermar
I tillegg til å sjå på TV-kanalar kan app-en òg brukast til å kjøpe eller leige film og seriar frå alle plassar i Norge med godt internettsamband. Altibox sin filmportal rommar fleire tusen filmar og seriar som kan kjøpast eller leigast.

Altibox var først i Norge med å lansere TV-straumeteneste for både pc og Mac i 2011, og deretter for mobile einingar i 2012. Våren 2015 var Altibox den første TV- og breibandsleverandøren i Norden som kunne tilby kundane digital kjøpefilm på alle skjermar.

I 2016 lanserer Altibox ei rekkje nye funksjonar som vil betre TV-kvardagen til kundane.