Roger Træet gler seg over å ha fått med Ranveig Ottestad med på onsdagsbridge på Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland.

Blant dei beste i bridge

Fitjarbuen Roger Træet er blant dei beste bridgespelarane i mils omkrins, og har oppnådd fleire gode resultat i det siste.

Midt i oktober var han i Haugesund og blei nummer to med laget sitt i Haugalands-cup 2015. I tillegg til Roger var desse med på seksmannslaget: Hallgeir Lunde frå Voss, Stig Gamlemshaug frå Os og haugesundarane Sigurd Østebøvik, Birger Pedersen og Øyvind Haga. Sistnemnde var makkeren til Roger under turneringa.

Dei kjempa jamt og trutt gjennom heile turneringa, og då det drog seg til mot finalerunden, låg dei på 4.-plass. Siste kampen sin spela dei mot lag nummer 3, og vann. Det heldt til 2.-plass samanlagt, bak dei suverene vinnarane. Lag nummer 2 tapte nemleg siste kampen sin med så klar margin mot vinnarane samanlagt at dei fall ned på 3.-plassen til slutt.

Helga 6.-8. november var Roger på Gardermoen for å spela 2. divisjon mot lag frå ulike delar av landet. Av ekspertisen var laget hans tippa som nedrykkskandidat, men dei lét seg ikkje knekka av førehandstipsa. Med på laget denne gongen var Øyvind Haga, Hallgeir Lunde, Frode Tveito frå Eidfjord og Finn Fyllingslid frå Bergen. Stig Gamlemshaug var ikkje med til Gardermoen, og derfor var Roger og lagkameratane hans fornøgde om dei klarte å forsvara plassen i 2. divisjon.

Roger kom seg ikkje av garde frå Sørstokken fredagen på grunn av brannen dagen før, og måtte reisa frå Haugesund. Dermed kom han ikkje fram før turneringa var i gang. Etter halvspelt fredag ettermiddag, låg laget hans under. Men då Roger kom på banen snudde han kampen til siger. Laurdagen vann dei tre kampar på rad, og låg hårfint bak leiarlaget før søndagen.

Etter to dårlege kampar på søndagen er avstanden opp til leiarlaget altfor stor. Men dei ligg framleis på 2.-plassen før dei siste fem kampane i 2. divisjon denne sesongen. Dei går av stabelen på Letohallen Hotel nord for Gardermoen helga 5.-7. februar. Roger har godt håp om å halda plassen i 2. divisjon, men då har dei ikkje råd til fleire dårlege kampar.

Då me snakka med Roger i kveld, var han på plass saman med bridgekompisane sine på Øvrebygda skule. Sju mann og ei dame var dei i kveld, og det er absolutt plass til fleire, seier Roger, før han igjen konsentrerer seg om spelet.