Godt liv å gjere noko godt for andre

Bjarte Stubhaug. Foto: Håkon C. Hartvedt

I sitt motivasjonsforedrag under samlinga for folk som gjer frivillig arbeid i regi av Fitjar Frivilligsentral peika dr. med. og fitjarbu Bjarte Stubhaug på at å gjere nok for andre kan vere kimen til eit godt liv – om ein ikkje vert overengasjert. Foto: Håkon C. Hartvedt

– I min praksis møter eg ein del slike. Menneske som er blitt sett ut av det ein gjerne kallar «edel overytelse». Det er lett å bli «forført» i denne samanhengen, og det kan vere vanskeleg å setje grenser når ein ser at det ein gjer er meiningsfylt og viktig for andre, og ein får takksame og «beundrande» tilbakemeldingar. Etter kvart kan ein likevel, midt i alt det gode, oppleve eit usunt forventningspress og ei kjensle av å bli utnytta.

Då gjeld det at ein seier til seg sjølv: – Det er lov å setje grenser. Eg er god nok med det eg gjer, og hjelpa eg gjer er god nok slik eg gjer ho innanfor ei naturleg tidsramme. Eg kan ikkje ta ansvar for alt, men eg kan gjere litt.

Maktar ein å avpasse dette er det eit godt liv å kunne gjere noko for andre. Det er mykje sant i det gamle ordet om at «Den største gleda du kan ha, det er å gjere andre glad». Det er god livskvalitet i å gjere noko utover det å berre tenkje på seg sjølv, og i at eg har ein plass der eg høyrer til og kan bidra på ein god måte, sa Stubhaug, og la til: – Eg synes de har mykje av dette her på Fitjar. Det har eg både erfart og sett. De har det på ein måte innebygt i måten de lever på her, og det er svært positivt.

– –

I sitt foredrag kom Stubhaug vidare inn på andre punkt som er oppe når ein snakkar om «Det gode liv» – som nok dei fleste er på jakt etter.
– For det er vel ingen som er på jakt etter «det dårlege liv», smilte han.

Eit liv i sus og dus
– Mange tenkjer nok og jobbar for å få eit liv i sus og dus, slik som grisen i eventyret om Grisen og levemåten. Ha luksus, ingen pliktar og heile tida kunne gjere som ein sjølv vil. Mange kan nok oppleve dette storarta. Men i lengda er det ikkje så sikkert at dette er eit godt liv, sa Stubhaug og synte mellom anna til filmen: «Tilværelsens uutholdeloge letthet».

Rikdom, Karriere og «berømmelse»
– Dette er nok eit mål for mange. Få god løn, fint hus, flott kone og born som oppførar seg greitt. Og vidare å bli lagt merke til og få positive tilbakemeldingar på det ein gjer. Men satsar ein berre på dette kan det gode liv lett bli «flott, men flyktig».

Å realisere seg sjølv
For andre er Det gode liv å utfordre seg sjølv, få brukt talenta sine og gjerne utfordre seg sjølv til å prøve seg på ting ein ikkje vågar.

For dei fleste av dei som har det bra, er det nok ein kombinasjon av desse faktorane som fungerer.