Frivilligprisen til Reidun og Petter Hoff

Reidun og Petter Hoff etter at dei har motteke synleg bevis på Frivilligprisen av ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Håkon C. Hartvedt

Frivilligprisen for 2016 går til Reidun og Petter Hoff.

Det vart klart under Frivilligsentralen sin fest for frivillige i kveld. 

I grunngjevinga for prisen heiter det: 

Prisen i år går til Reidun og Petter Hoff for eit stort frivillig engasjement for å lage trivsel for andre.  I form av kokekunst, årevise dugnader og trivsels-skapande arbeid.  

I arrangementet der folk som gjer frivillig arbeid var samla rundt festdekka bord, var det òg gjort plass til festleg program og servering.

Det heile starta med vakker song av Karine Lillenes akkompagnert på piano av Elin Sørfonn, før ordførar Wenche Tislevoll heldt tale for prisvinnarane.

– Frivillig arbeid tilfører lokalsamfunnet vårt rike verdiar, sa ordførar Wenche Tislevoll som i ein lang og god tale trekte fram Reidun og Petter sitt store dugnadsarbeid i svært mange samanhengar. Ho las opp grunngjevinga og føydde til:

  • – Lista over kva desse to har vore med på er lang:  

    Engasjement for Fitjartun og Bygdeungdomslaget Kjøkkenutstyr til både Fitjartun, Frivilligsentralen og Kulturhuset 

  • Kinovakt og frivillig vakt ved ulike arrangement
  • Matlaging i svært mange lag, både privat og i offentleg  regi. 
  • Petter vore frivillig representant i styret i 2 perioder for Frivilligsentralen. 
  • Dei har begge vore samkjørte i tiltak dei har vore engasjerte i.

Ho siterte òg frå Fitjar sin jubileumsbok om korleis Reidun og Petter var med og starta Fitjar bygdelag i 1979.

– Ditta her var utruleg overraskande. Det er mest som med Tore på sporet. Da vert so rart borti augnekroken. Men det har vore kjekt og meiningsfullt å vere med, sa Petter og nemnde nokre døme på det.

Bjarte Stubhaug heldt seinare eit spennande og godt motivasjonsføredrag. Det vil kome som eigen sak på fitjarposten.no.

Kriterium for prisen:  
Prisen går til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idèar og pågongsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og bidrege til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.