Klare for levering av Trondheimmodell i 3D

Ronny Reigstad ved modellen som er på 15,5 kvadratmeter. Foto; Håkon C. Hartvedt

Fitjarfirmaet 3D Vision AS synte i går og i dag fram den imponerande modellen dei har laga av Trondheim by. No skal modellen fraktast til Trondheim med Hurtigruten og monterast, før det vert høgtidsam avduking 15. desember ved Trondheimsordføraren.

Leiar i 3D Vision, Ronny Reigstad, fortel til fitjarposten.no at modellen skal stå i resepsjonslokalet til Plan- og bygningsetaten i Trondheim og at heile modellen er på 15,5 kvadratmeter. Sidan alt er laga i 1:1000 målestokk, tyder det at modellen dekker 15,5 km av Trondheim by. Så når 1 mm på modellen tilsvarar 1 meter i landskapet, er òg små garasjar/uthus med på modellen.

Utsnitt av modellen. Midt i biletet oppe ser me Nidarosdomen og litt nedenfor til venstre for den: den gamle bybro. Foto: Håkon C. Hartvedt

Seksjonar
Modellen er bygt opp av 168 seksjonar. Kvar på ca A3-storleik. Det er såleis greitt å få pakka alt ned og sendt til Trondheim.

Ronny med ein av seksjonane. Foto: Håkon C. Hartvedt

Før sjølve 3D-printinga hadde 3D Vision ein stort arbeid med å teikna alt og bearbeide kartdata. Dette arbeidet har vore like tidkrevjande som sjølve printinga, og noko av det fekk dei andre til å hjelpe seg med. Men når printeren berre kunne klare å printe ut fire seksjonar i døgeret, har det teke si tid med printinga òg.

– 3D-printeren gjekk ei stund 24 timar i døgeret, smiler Ronny.

Så har 3D Vision òg klart å halde tidsgrensa med god margin, sjølv om dei ikkje fekk det dei skulle frå oppdragsgjevaren så tidleg som dei hadde avtalt.
Alt arbeidet tilsvarar likevel eit årsverk.

Fleire kommunar interessert
Reigstad fortel vidare at fleire andre store byar har synt interesse for 3D Vision sin modell. Så ein skal ikkje sjå bort ifrå at mykje meir av Norgesgeografien vil bli utforma i lokala på Årskog – eller på Kråko.

3D Vision har i alle fall ønskje om å ha industrilokale i Port Steingard-komplekset i fellesskap med andre industriaktørar, og kanskje får ein det til allereie i 2016?

 

Ronny Reigstad har no fått med seg Kjell Torodd Fitjar Bremskau på 3D Visions-laget. Foto: Håkon C. Hartvedt