F.v. Emil Koløen, Helena Solli, Lars  Olai Solli og Daniel Marszalek med diplom og belte i Ågotneshallen.

Nye karatebelte

Fitjar Shotokan Karateklubb var sterkt representert under Norges største barnegasshuku i Ågotnesallen denne helga.

Fitjar hadde sju juniorar med i denne storsamlinga, og fire av desse graderte til gult belte, melder Sukhwinder Koløen i Fitjar Shotokan Karateklubb.

Treningssamlinga i helga er Norges største barnegasshuku i regi av JKA Norway, med nærmare 250 utøvarar i alderen seks til tolv år.

Ågotnes Karateklubb var vertskap for den store samlinga, som blei avvikla i Ågotneshallen nord på Sotra.


Her er alle dei 250 deltakarane samla på eitt brett i Ågotneshallen.