Nye toalett i kyrkja

Toalettforholda i kyrkja er no utbetra. Det melder kyrkjeverje Harald Rydland til fitjarposten.no.

Rydland  skriv:

– Toalettforholda i kjellaren i Fitjar kyrkje har ikkje vore mykje å skryte av dei siste åra. Det veit alle som har vore innom der. No er standarden heva mange hakk. Dei siste vekene har det vore dugande handverkarar på plass som har fått skikk på lokala. 

Med det første skal me òg få på plass veggmontert stellebord for babyar.

I kyrkjegardshuset er det toalett som er tilrettelagt med universell utforming.