Fitjarungdomar skolert som fullverdige signalberarar i MOT

Fitjarungdommar skolert som fullverdige signalberarar i MOT. Bilde: fv: Rebecca og Ingrid er nyskolerte signalberarar med MOT. Her fra skoleringa på MOT-camp i Trondheim. Foto: MOT

Det var fitjarbuane Ingrid Skår Bergesen og Rebecca Koløen som deltok i undervisninga på MOT-camp for å bli «Signalberarar med MOT» nyleg.

– Ingrid og Rebecca har som dei fleste andre, blitt valt ut fra sine kommunar fordi dei er ekstra gode på å vise MOT, og dei vil bli verdfulle eldsjeler i (namn på kommune) i åra framover. Under samlinga var dei gjennom leiarskapsutfordringar, samarbeidsøvingar, uteaktivitetar og bevisstgjeringsrom i tillegg til coachingsamtalar og refleksjon rundt verdiar og framtid. Men det vart sjølvsagt òg ein stor dose sosialt samvær med herlege ungdommar fra seks ulike kommunar, heiter det i ei pressemelding.

– Vi har hatt ei strålande veke med elleve engasjerte signalberarar. Dette er ungdommar som er utruleg dedikerte på at dei ønskjer å gjere en forskjell i sine kommunar. Desse er investeringar for sine lokalsamfunn, og skapar varmare og tryggare oppvekstmiljø, seier leiar for MOT-camp Rune Skanke.