Fitjar Kammerkor, under leiing av Helge Haaland. Foto: Arne Vestbøstad

 

Vakkert og underhaldande

 

Julekonserten i Fitjar kyrkje søndag var ei flott førjulsgåve frå musikklivet i Fitjar.

 

 

Ei fullsett kyrkje viste at no er folk klare for julekonsertar, sjølv om regn, vind og plussgrader ikkje akkurat lokkar fram julestemninga. Men det er no slik, at når Osternes Mannskor trekkjer i blådressen, då er høgtida ikkje langt unna. Saman med Fitjar Musikklag, Fitjar kyrkjekor, Fitjar kammerkor, blåsarane i 16 Valves og Fitjar Skulekorps gav dei publikum ein stor dose julestemning i løpet av dei om lag 90 minuttane konserten varte.

Særleg to nummer verka til å få opp stemninga i kyrkja denne kvelden. Det eine var klassikaren Det hev ei rosa sprunge, vakkert framført av kyrkjekoret, og kammerkoret med songen Sheperds Run, med solist Bernt Jarle Brenne, ein song det svinga godt av. Kanskje ein også skal nemna Frosty the Snowman med skulekorpset. «Krangelen» mellom dirigent Svein Roger Koppang og solist Helga Jordan Raunholm, var underhaldande å følgja med på, i tillegg til at det var flott å høyra på.

Om desse nummera skilde seg ut kan folk vera einige eller ueinige i. Med så mykje flott musikk, var det nok til at alle kunne plukka sine favorittar, om dei ville.

Det einaste «problemet» etter ein slik konsert er: Korleis skal ein få ei stiging i programmet fram mot julaftan? Rett nok har ein tent halvparten av adventsljosa, men datoen fortel at ein berre er ei veke inn i desember.

Det er kanskje verdt å nemne i desse kommunereform-tider, at denne konserten viser at for kulturen sin del, står bygda svært godt på eigne bein. Kantor Jan Overweg sa: – Eg har ikkje budd her så lenge, men eg byrjar å bli stolt over bygda.

Det treng ein ikkje vera tilflyttar for å slutta seg til.

 

I helsinga si brukte sokneprest Olav Oma adventsljosa til å illustrera korleis fred, tru og kjærleik kunne skina, eller slokna, men også bli tente att med ljoset som representerte håpet. Foto: Arne Vestbøstad