Innhaldsrik julemesse

 

Julemessa i Dåfjorden søndag samla utstillarar og kjøpelystne frå fjern og nær.

 

 

 

Kor ein enn snudde seg, var det nokon som hadde noko spennande å tilby. Det var smykke, vantar, pynt, kremar, honning, dekorasjonar og mykje anna. I alt var det 19 utstillarar som hadde slikt utval at heile julehandelen kunne vore unnagjort på ein ettermiddag på Sælevik skule.

 

Og sjølvsagt var det mat, i lange banar. Fire store panner med suppe, og eit kjøken fullt av kakemat burde vera nok til å stagga den verste hungeren hjå dei frammøtte. Då Fitjarposten såg innom, var det mange som alt hadde ordna seg med søndagsmiddag på den enkle måte, medan andre gjekk fram og tilbake mellom utstillarane, såg på varene, vurderte, snakka med kjente, og i det heile gjorde Sælevik skule til ein god plass å vera denne ettermiddagen i desember.

 

Hanna Oline Tranøy Stokken selde julegodt til inntekt for Polen-turen klassen skal på til neste år, medan Ole Thomas Romfog Tranøy selde dekorasjonar han hadde laga sjølv. Foto: Arne Vestbøstad

 

Det gjekk i varme plagg hjå Anne Lise Ottesen frå Leirvik. – Det er alltid kjekt å koma til Dåfjorden og stilla ut, skrutte ho. Foto: Arne Vestbøstad

 

Eli Lie Heggøy viste fram brystdukar og belte ho hadde perla til bunader. – Ei veke går det med til ein brystduk om eg ikkje skulle gjort noko anna, kunne ho fortelja. Foto: Arne Vestbøstad

 

Dei gjorde det lettvint og kjøpte seg ein god middag på julemessa. Frå venstre: Jannike Weber, Lea, Erik, Silke, alle tre med etternamn Balzer og heilt til høgre Alexandra Weber. Foto: Arne Vestbøstad