– Det kjekkaste er å spela kampar

 

Det meinte Erika Sol S. Ersland, Natalie Stokknes og Trine Linn Li frå Kvinnherad då dei var på Fitjar søndag for å spela kampar under turneringa til handballgruppa i Fitjar idrettslag.

 

 

Med full fart på tre banar fekk dei nok å bryna seg på, desse handballspelararne. Om dei hadde vunne eller tapt var dei ikkje heilt sikre på, men kjekt hadde dei det, før dei måtte hasta vidare, fullt opptekne med sitt.

 

Nokre andre spelarar fann me i kiosken. Dei hadde  kome over frå Tysnes, og korta ned ventetida med å handla i kiosken. – Me har spelt ein kamp, og så har me venta «nokre timar», kunne dei fortelja, med hendene fulle av snop og vekslepengar.

 

Frå venstre: Ingvil Vermedal, Anna Olea Fjeldet Sunde og Milena Titoka i kiosken. Foto: Arne Vestbøstad