God gang i kyrkja

 

Laurdag til søndag var 34 sjetteklassingar samla i Fitjar kyrkje for å overnatta.

 

 

Tiltaket Lys vaken er eitt av kyrkja sine tilbod til sjetteklassingar, der dei vert inviterte til å overnatta i kyrkja. Men det var ikkje berre overnatting som stod på programmet, kunne sokneprest Olav Oma og kyrkjelydspedagog Johannes Olsen fortelja, då Fitjarposten vitja kyrkja lovleg seint laurdag kveld. Borna vert også nærare kjent med arbeidet til kyrkja.

 

Tidlegare på dagen og kvelden hadde dei brukt ein del tid på å  øva på innslag til gudstenesta sundag, mellom anna song og drama, dei hadde sett ein film, samt dekka på langbord i midtgangen og ete saman, ein post på programmet sokneprest Olav Oma hadde trekte fram som noko han hadde sett særleg pris på.

 

Ut frå stemninga då Fitjarposten var innom rundt 22.30, var ikkje Oma åleine om å ha det kjekt i kyrkja denne kvelden.

 

 

Før rosignalet vart ungane samla framme ved alterringen for ei bønestund, leia av sokneprest Olav Oma. Foto: Arne Vestbøstad