Lovar liv og idrettsglede

 

Søndag arrangerar handballgruppa i Fitjar idrettslag miniturnering i idrettshallen.

 

Turneringa, som går store delar av dagen, er for spelarar i alderen sju til ni år, og lag frå heile sunnhordlandsregionen er med, opplyser Kari Raunholm, leiar i handballgruppa, til Fitjarposten. I tillegg til å kanskje sjå den neste Nora Mørk eller Håvard Tvedten, blir det høve til å handla i kiosken.