Frå arbeidet på den brannskaddde vindturbinen tidlegare i haust. Foto: FP-arkiv/KR

 

Mot tilnærma normal drift

 

Turbinane i Midtfjellet Vindkraft er no på veg til å koma i normalt gjenge att, etter brannen tidlegare i haust.

 

Dagleg leiar Erik Mortensen stadfestar det mange nok har sett, at nokre av turbinane i vindparken no har byrja å gå rundt att.

 

Etter brannen laurdag 31. oktober vart alle møllene stogga og undersøkt, av preventive årsaker. No startar dei turbinane opp att, ein etter ein, under under overvaking av mellom anna varmekamera. Mortensen reknar med at alle vil vera i sving att rundt midten av desember.

 

 

Ventar på rolege vindtilhøve

 

Når det gjeld den øydelagde turbinen blir den ståande slik den er no, høgst sannsynleg fram til våren.

 

– Me har hatt folk som har tatt bilete av turbinen, hengjande i klatreutstyr frå krane, men dei som skal undersøkja turbinen kan ikkje gjera der før den er på bakken. For å få turbinen ned, treng me vindstyrke under seks meter i sekundet over ein lengre periode, og det reknar me ikkje med å få med det første. Kanskje ikkje før på vårparten, fortel Mortensen.

 

Torsdag fekk Midtfjellet Vindpark analysen etter oppryddinga av olje etter brannen. Olja hadde trengt om lag 20 centimeter ned i sanden rundt foten av mølla. Sanden blei graven opp og sendt til Hardanger Miljøsenter for analyse. Midtfjellet Vindkraft understrekar at Hardanger Miljøsenter har skildra oljeutsleppet som lite.

 

Til våren startar altså neste fase i etterarbeidet, når turbinen kan heisast ned og undersøkjast skikkeleg.