Hrafn Thorsteinsson ny leiar i Fitjarfestivalen

Slik er det fitjarbuen vil ha det under festivalen: Flott, varmt vêr og mykje folk i sentrum. Arkivfoto: FP/HCH

Sigurd André Maraas har vore med i festivalstyret i fire år. Dei to siste som leiar. No gjev han roret over til Hrafn Thorsteinsson. Det vart klart etter under festivalen sitt årsmøte, nyleg.

To ting er allereie setla. Fitjarfestivalen 2016 finn stad 4.-6. august, og me skal få eit nostalgisk og spennande møte med Ranveig Johnsen (no: Leseth) og Thermostat.
Og Hrafn, eller Rappi som me helst kjenner han som, har ikkje noko imot det. – Det vil bli ei spennande sak som vil gå føre seg om fredagen, seier han.

Rappi sitt hovudmål er elles å gjere Fitjarfestivalen endå meir til ein festival for alle. Ikkje berre med omsyn til musikken, men òg i andre samanhengar. Mellom anna vil han utfordra ungdommane til å ta aktivt del ved å jobba fram arrangement som dei sjølv vil ha – og som dei sjølv kan få styre. Noko dei har fått til på ein tilsvarande festival på Island som Rappi vitjar annankvart år. – Det er òg viktig at alle krinsane opplever at dei har del i festivalen, legg han til.

Sigurd Andrè Maraas takkar som nemnt av etter fire år. Men han har lova å stille opp som ressursperson om nyeleiaren skulle ønskje det.
Det set Rappi stor pris på. – Veldig bra. Eg kjem heilt sikkert til å nytte meg av det, seier han.

– Stolt over overskot
Maraas kan elles gle seg over at han takkar av som leiar for ein festival som gjekk med 185 000 i overskot i fjor.
– Dette er eg både stolt og glad over. No skal me gje 100 000 kroner av desse tilbake til laga som har stått på med dugnad. Det resterande overskotet skal sikre balansen i rekneskapen, fortel han.

Som årsak til at han no trer tilbake peikar Sigurd på at han har mange ballar i lufta og at dette er tidkrevjande. 
– Samstundes opplever eg at eg har fått festivalen slik eg meiner at han bør vere, og at ein del malar på korleis ein kan drive vidare allereie er sett. Og eg trur eg leverer ifrå meg ein nokså fullkomen festival, smiler han. – Men det er sjølvsagt rom for det neste styret å vidareutvikla han slik dei vil, legg han kjapt til.

Styret
Ved årsmøtet vart det sjølvsagt òg valt nytt styre.

Før valet såg styret slik ut:
Sigurd Andre Maraas (leiar))
Vidar Larsen
Per Egil Larsen
Inger Elin Helland
Tom Rydland
Bente Koløen
Rune Sandvik

Varafolk:
Ansgar Helland
Jostein Prestbø

Det nye styret ser slik ut:
Hrafn Thorsteinsson (leiar)
Vidar Larsen
Per Egil Larsen
Inger Elin Helland
Geirmund Aga
Øyvind Fitjar
Ingrid Skår Bergesen

Varafolk:
Sissel Jørgensen
Jan Åge Tislevoll