Første levering av rognkjeks

Johannes Njåstad Møgster frå Langøy Laks lastar om bord eit av kara med rognkjeks. Karsten Inge Møgster ser til at det går bra. Foto: Håkon C. Hartvedt

Vest Aqua Base AS hadde nyleg si første levering av rognkjeks. Fitjarposten var på plass då Langøy laks var og henta.


Leveringsklar rognkjeks. Ca 27 gram og rundt 1/2 år gamal. Foto: Håkon C. Hartvedt 

Rognkjeks er ein lakselus-etar i stor stil og er såleis svært ettertrakta i oppdrettsnæringa. Her på Sør-Vestlandet har sju oppdrettsanlegg skipa til Vest Aqua Base AS, eit av Norge sine mest moderne, landbaserte oppdrettsanlegg for rognkjeks.

Oppdrettarane er Langøylaks, Austevoll Melaks, Troland Lakseoppdrett AS, Engesund Fiskeoppdrett, Telavåg Fiskeoppdrett AS, Eide Fjordbruk og Tombre Fiskeanlegg AS. Med seg på laget har dei NEM-eiendom som har 30 prosent av aksjane. Dei andre har 10 % kvar, og kvar oppdrettar hentar rognkjeksen sjølv.

Dagleg leiar i Vest Aqua Base AS er Nils Bjarte Sætrevik. Han fortel at dette første året har dei fått klekka hos Havforskningingsinstituttet sin forskningsstasjon i Austevoll i påvente av konsesjon. No er konsesjonen og alt dei treng på plass. – Så neste år vil me satsa på eigen stamfisk, seier Sætrevik til fitjarposten.no.

Benedikte Nordhus og Hildegunn Solli klargjer for levering. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Oda Almeland fører opp kor mykje som er levert. Foto: Håkon C. Hartvedt