Vêrrapport frå Annar Westerheim

Litt blått i skylaget i dag etter mange grå dagar i november. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det har vore sparsomt med soldagar i november, berre fire dagar utan nedbør i måleren, skriv Annar Westerheim i ein vêrrapport til fitjarposten.no.

Han skriv vidare:

«Måndag 16/11 kom det heile 38 mm med nedbør.  Totalt for heile månaden vart  det  281 mm. Til samanlikning kom det 236 mm i 2014. Ein mm. tilsvarer ein liter vatn pr. kvadratmeter, 38 mm er med andre ord 38 liter pr. kvadratmeter, eller 38.000 liter vatn på ein vanleg hustomt på eit mål.

Målestasjon på Florida Bergen fekk 433 mm. Godt over normalen for månaden som er på 259 mm. I 2014 målte Bergen berre 169 mm.

Store lokale variasjonar
Det er store variasjoner på nedbør. I Bergen ved Florida målte ein solide 85,2 mm fredag 27/11. Eg målte beskjedne 25 mm på same dag.

Nedbørsmengda  i Bergen er allereie langt over normalen hittil i år med 2657 mm. Årsnormalen på 2250 mm er altså passert med god margin.

Årsrekorden for Bergen er på 3195 mm og syner til 1921 mm, målt på Bergenhus Festning. Målestasjon vart i 1949 flytta til Florida. Her er nedbørsrekorden notert i 1969 med 3067 mm.

Snø
Me får vera glad at ikkje nedbøren kjem ned som snø, ein mm. er ca ein cm. alt etter fuktigheit, for Bergen sin del tilsvarer november nedbøren 4,3 meter med snø.