Vakker englesong og stemningsfulle tonar 

Med høg scoring på både kvalitet, «trøkk», sjarm og stemning skapte Fitjar skulekorps og Fitjar barnegospel ei verkeleg god musikalsk førjulsstund for ein fullsett kultursal torsdag kveld.

Med godt over 40 klåre barnestemmer opna Fitjar barnegospel julekonserten, eller adventsshowet om du vil, med å syngja Nå er det jul, av full hals. Vidare kom julesongane på rekke og rad, framførd av dei unge songarane i alderen 5 til 11 år. Sjarmerande og engasjerte songarar med stor formidlingsevne. Ein del av dei var og solistar på versa på kvar sine songar, og alle desse imponerte med både med å kunna mykje tekst, med stort frimod og reine, klåre røyster. Julebodskapen i tekstane nådde godt ut til publikum. Det handla om Gud si gåve, barnet i krybba i den fattige stallen og englesong om lys og fred. Kor-avdelinga vart avslutta med Hør den englesang så skjønn. Ei gamal perle frå 17-1800-talet, nydeleg framført av englekoret frå Fitjar og med kledeleg forsterking av koret si eiga komp-gruppe med Ole Christian Ottestad på saksofon. 

Så overtok kulturprisvinnarane i Fitjar skulekorps tonen. Dei opna flott med Juledans, før Thea Træet, akkompagnert av korpset, tok oss med heim til jul (Home for Christmas). Publikum vart vidare teken med på reisa til julestjerna og inn i ei strålande kvit, glitrande jul, slik me alle ynskjer oss. Og ikkje minst fekk ein møta den flotte, trygge, humoristiske og dyktige trombonespelande snømannen Helga (Snømannen Kalle).

Snikker Sigrid Fangel tok med si levande stemma og nokre enkle rekvisittar det lydhøyre publikumet med inn i Prøysen si juleverd der snikkar Andersen og julenissen møtes på ein snørik julekveld og skapte julestemning i kvarandre sine heimar og for kvarandre sine ungar. 

Som seg hør og bør vart konserten avslutta med to flotte fellesnummer. Først En stjerne skinner i natt og heilt til slutt fekk publikum vera med å syngja saman med korps og kor på høgtidssalmen Deilig er jorden. Og kva kunne passa betre å avrunda ei slik musikalsk stund med enn Ingemann sine ord:

Gjennom de fagre
riker på jorden
går vi til paradis med sang.


Ei mektig avslutting på ein strålande konsert, ikkje berre for publikum, men og for musikara og songarar, vil eg tru !