Kulturprisen og Næringpris utdelt

Kven som får årets Næringspris og Kulturpris vart avklart i formannskapsmøtet i går.

Næringsprisen går til Heimli AS ved Asbjørn Vik, og Kulturprisen til Fitjar Skulekorps. 

Næringsprisen
I grunngjevinga frå Fitjar formannskap heiter det:

Fitjar kommune meiner Heimli på ein utmerka måte viser korleis kunnskapsbaserte bedrifter kan etablerast og lykkast utanfor dei sentrale bysentra.  Heimli kombinerer nokon av dei fremste næringsvegane i Fitjar gjennom god ingeniørkunst, skipsbygging og eit maritimt retta produkt. 

Sidan 2010 har Heimli og FMV i felleskap, saman med dyktige rederi og oppdrettarar, utvikla ulike arbeidsbåtdesign.

Med sitt framtidsretta design og gjennom samarbeid med Fitjar Mekaniske Verkstad har dette resultert i mange kontraktar og sikra arbeid i bygda.  Dette genererer både arbeidsplassar og dessutan ekstra inntekter til delar av det andre næringslivet i Fitjar. 

Heimli har gjennom HFMV Design funne si nisje i markedet og er eit ekte Fitjarprodukt frå første strek til ferdig båt.  

Heimli er derfor med på å skapa for framtida og dannar grunnlaget for bygging av «Goe» og fleksible båtar, samt at dei  er medverkande til utvikling i ei særs spanande maritim næring.  

 

Heimli AS ved Asbjørn Vik (i midten) får årets Næringspris. Her saman med Jan Thore Josdal og Åsmund Sørfonn i FMV som dei har utvikla ei rekkje arbeidsbåtar saman med dei siste åra. Arkivfoto: FP/HCH

Ordførar Wenche Tislevoll stilte med blomar. Sjølve prisen skal delast ut seinare. Far til Asbjørn, Arne Vik, både er og har vore ein god rådgjevar for Heimli AS.

Kulturprisen
Formannskapet i Fitjar vedtok onsdag einstemmig at kulturprisen skulle tildelast Fitjar skulekorps. I grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna:

Fitjar skulekorps er gode ambassadører og representerer bygda vår på ein framifrå måte. Nitidig arbeid frå musikantar, dirigent og foreldre har gjeve resultat og korpset har i år oppnådd historiske resultat og mange har fått augene for Fitjarbygda når dei har høyrt og sett korpset.

 Kultursjef Bente Bjelland formidla det glade budskap heime hjå styreleiar i skulekorpset Arnhild Jordan Raunholm. 

 Ho vart svært glad på vegne av både korps, dirigent, styre og foreldre. – Det er ei stor ære å motta Kulturprisen, og det er ein anerkjenning av det omfattande arbeidet som til ei kvar tid vert lagt ned. Det er òg ein attest frå bygda at skulekorpset vert sett pris på, sa Raunholm som straks sette i gong med å kontakte resten av gjengen for å fortelle kva som var skjedd. 

 Fitjar Skulekorps er inne i sin beste sesong nokosinne og får årets kulturpris. Her frå Sotrafestivalen der dei oppnådde 4. plass i 1. divisjon. Arkivfoto: FP/HR

Meir seinare.