Ingvild Rimmereid og Fitjar måtte kjempa for poenga mot Nore Neset. Foto: Kjetil Rydland

Handballdamene slo Nore Neset

Fijar IL vann fortent 26-22 i damekampen mot Nore Neset onsdag kveld.

Takka vere «Ope hus» var det bra med folk på tribunen i kveld, og dei kunne gle seg over at Fitjar sleit seg til siger over damene frå Nore Neset.

Laga følgde kvarandre som skuggar heilt til midt i andre omgang. For Fitjar blei det mykje stong ut mot eit lag som såg litt svakare ut, og dei klarte ikkje å rykkja frå. Gjestene var oppe i leiinga med eitt mål eit par gonger, men stort sett var det Fitjar som var eit lite hestehovud framfor. Då heimelaget snudde 16-17 til 18-17 var det mykje godt slutt for Nore Neset.

Dei gjorde fleire tekniske feil enn Fitjar, som sette inn ein fin spurt. Og då Julie Skjerve Jensen sette inn det 26. målet for Fitjar i sluttminuttet, kunne ein engasjert og usliteleg vikartrenar, Harald Engevik, sleppa jubelen laus.

På Fitjar sitt lag blei Charlotte Solberg toppscorar med sine seks mål. Også femmålsscorarane Maria Larsen og Julie Skjerve Jensen markerte seg positivt.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Ida Fitjar (k.), Lisa Folkedal (k), Charlotte Solberg (6), Marita Nysæther (2), Ingvild Rimmereid (4), Miriam Almås (3), Maria Larsen (5), Julie Skjerve Jensen (5), Emilie Hystad, Martine Hareide, Sofie Næss (1), Anna Thorland.


Vikartrenar Harald Engevik blir aldri for gammal, og gjorde sitt til at damene samla seg mot slutten. Foto: Kjetil Rydland.

 


Dommar Thor Gunnar Bakke gjorde som vanleg ein nesten prikkfri kamp, og då kjem han ikkje i søkelyset, slik han seier at han ønskjer. Foto: Kjetil Rydland.