Mot skreddarsydd fagbrev

 Marit Hovland saman med kjøpmann Jan Stian Taule. Foto: Håkon C. Hartvedt

Saman med rundt 30 andre REMA-tilsette er Marit Hovland plukka ut til å vere blant dei første som tek fagbrev i salsfaget innan REMA-systemet.

 Nyleg var ho på kurs i Oslo der ho møtte dei andre studantane, og ho fortel til fitjarposten.no at kurset elles er nettbasert.

– Me får oppgåver me skal utføra undervegs, og det er som å vere tilbake på skulebenken. Så eg går i gang med «skrekkblanda frryd» og vil stå på for å klare dette.

Det er jo mange år sidan sist eg gjekk på skule, smiler ho og legg til at det å treffe dei andre i Oslo var inspirerande.

– Me er jo i same båt som første kull. Så me er jo på ein måte litt prøvekaninar òg. Fordelane med det er at REMA dekker heile kurset for oss.

Ein ressurs
Kjøpmann Jan Stian Taule i REMA 1000 Fitjar seier til fitjarposten at Marit er valt ut på grunnlag av kunnskap.

– Ho er vidare ein ressurs for både butikken og kjøpmannen – og ein god representant for REMA 1000, legg han til.

Første aktør i bransjen 
I følgje HR-direktør i REMA 1000, Tore Høylie er REMA 1000 første aktør i bransjen med skreddarsydd fagbrev i salsfaget. 

– Målet er å leggje til rette for at fleire medarbeidarar får ein solid kompetanse i butikk – noko som vil kome kjøpmenn og kundar til gode.

Den merkantile delen av pensum er utarbeidd av Handelshøyskolen BI og Fagbokforlaget. Fleire fagavdelingar i REMA 1000 har kome med innspel  knytt til konsept og organisasjonskultur. Summen av dette vil gi studentane ei omfattande innføring i butikkdrift og REMA 1000 som organisasjon, seier han, og legg til:

– I REMA 1000 er vi opptekne av å sjå folk for kva dei kan bli. Kunnskapsrike og motiverte medarbeidarar er avgjerande, og vi vidareutvikle dei som ønskjer ein karriere i selskapet.

Nettstudier i egen læringsportal
Fagbrevet som vert tilbode  gjennom REMA-skolen som òg utdannar fremtidige kjøpmenn gjennom Talentprogrammet.

Fredrik Holst er HR-sjef i REMA 1000 og ansvarlig for REMA-skolen. Han fortel at fagbrevet er utvikla i tett samarbeid med Didac som er leverandør av e-læringstenester, samt fagavdelingar i REMA 1000.

– Vi har lagt opp til 15 modular der fagområder som sal, service, marknadsføring, økonomi og HMS står sentralt, seier Holst.