Fullt hus for vennskapsbarnehage

Det var mildt sagt stinn brakke på Fitjar Bedehus då Bakken barnehage baud inn til Vennskapsfest på Fitjar bedehus i går ettermiddag – med eit nydeleg julespel sentralt i programmet. Foto: Inger Marie Gilje.

Me veit at det er fullt på Fitjar Bedehus når ein må begynne å parkere bilane oppetter vegen mot Volden fordi det ikkje lenger er plass på parkeringsplassane ved kyrkja og bedehuset. I går var det rett mange bilar som stod slik. Så var det òg folk i heile bedehusrommet, både framme, bak og i matsalen. Både store og små. 

 

Berre nokre av alle dei som var på Fitjar Bedehus i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

Bakken barnehage husar 60 born, og når foreldre, søsken og besteforeldre stiller opp for å sjå på det fantastisk flotte julespelet deira, slik dei gjorde i går, vert det trongt om plassen.

 

Men det er ikkje noko heft. Tvert imot gler det styrar Torunn Aarskog sterkt at folk stiller opp og tek lodd. For her gjeld det å samle inn mest mogeleg pengar til ei god sak.

– Det er ei stor glede å senda Kr. 30.260 til Vennskapsbarnehagen vår, Stefanusborna i Kairo! Barnehagen desse borna går i er som ein oase midt i slummen. Slumstrøket blir kalla Søppelbyen pga at folket der livnærer seg på å sortera søppel. Beløpet som kom inn i år er rekord. Aldri før har me fått inn så mykje pengar på dette arrangementet, seier ho til fitjarposten.no.

 

Styrar Torunn Aarskog (t.v.) og Marit Nilsine Tislevoll. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Om julespelet fortel ho at dei i det siste har samla alle borna  til øving på nyeavdelinga der dei no har piano, og resultatet vart altså eit nydeleg julespel.

Frå julespelet. Foto: Inger Marie Gilje

Kongane: Steffen Sørfonn og Ole Jakob Wiik. Foto: Inger Marie Gilje

Forsongarar: Diana Nesbø, Emma Vestbøstad og Birgitte Rydland Sæbø.

Hyrdane: Marlen Helland, Miriam Gerhardsen, Malin Sætre og Ingerline Helland Kannelønning. Foto: Inger Marie Gilje.

 

Utanom julespelet vart det vist ein filmsnutt frå Mamma Maggie si gjesting på Fitjar, og det var både mat og åresal.

All ære til Bakken barnehage med Torunn Aarskog i spissen, for eit flott arrangement til inntekt for nokon som verkeleg treng støtte.