Ny utstillingsopning på laurdag

Laurdag opnar det utstilling med kunstnaren Anna Bjørkmann. Som ofte før vert det opning ved ordførar Wenche Tislevoll og diktlesing ved Eli Simonsen.

Anna bur i Bergen, men er fødd og oppvaksen i Stockholm. Ho kom til Bergen for 16 år sidan for å gå på Grafikk på Kunsthøgskolen i Bergen. Anna har hovudfag i grafikk og har spesialisert seg på silketrykk. Ho er gift og har to barn. Anna har sitt eige atelier der ho bur. I tillegg arbeider ho som arbeidsleiar på Galleri VOX, som er ein del av Fretex.

Ho er oppteken av komposisjonar av mønster som bilde. Ho jobbar med transparente fargar der fargane møtest og skapar nye kombinasjonar av farger og formelement. Desse møta gjev fargane muligheit for ulik intensitet og rommelegheit.

Impossible Pattern – er ei utstilling som utgår frå at mennesket sin persepsjon ønskjer å finne samanhengar og rytmer i det som er i uorden. Dei to største verka som er med på utstillinga er samansett av mange utsnitt av kvart sitt bilde. Dei er festa på skiver med ein magnet på baksida. På denne måten kan bilda byggjast om i uendelege kombinasjonar.

– Under utstillinga kan publikum få muligheita til å leike seg med det eine bildet og lage seg sine eigne mønster eller uorden, heiter det i ei melding til fitjarposten.no.

Normal.dotm 0 0 1 199 839 Media Consult AS 24 6 1398 12.0 0 false 21 18 pkt 18 pkt 0 0 false false false /* Style Definitions */ table.MsoNormalTable {mso-style-name:»Vanlig tabell»; mso-tstyle-rowband-size:0; mso-tstyle-colband-size:0; mso-style-noshow:yes; mso-style-parent:»»; mso-padding-alt:0cm 5.4pt 0cm 5.4pt; mso-para-margin:0cm; mso-para-margin-bottom:.0001pt; mso-pagination:widow-orphan; font-size:12.0pt; font-family:»Times New Roman»; mso-ascii-font-family:Helvetica; mso-ascii-theme-font:minor-latin; mso-fareast-font-family:»Times New Roman»; mso-fareast-theme-font:minor-fareast; mso-hansi-font-family:Helvetica; mso-hansi-theme-font:minor-latin; mso-bidi-font-family:»Times New Roman»; mso-bidi-theme-font:minor-bidi;}