Fitjar skulekorps trassa det sure vêret og skapte julestemning under tenninga av julegrana. Foto: Kjetil Rydland.

Skulekorpset skapte stemning då julegrana blei tent

Me som trassa grisvêret søndag ettermiddag, fekk eit nytt døme på at det er ei velsigning for bygda å ha eit godt skulekorps.

Under leiing av den dyktige dirigenten sin, Svein Roger Koppang, gjekk dei nærmast «frå dør til dør» i sentrum og skapte julestemning. Første stoppestad var Varehuset Rydland, før ferda gjekk vidare til Thea Træet AS og Spar-butikken til Larsen. Etterpå gjekk dei i fakkeltog til aldersheimen og sjukeheimen, og begge stader stoppa dei for å spela.

Utanfor butikkanne spelte det nybakte 1.-divisjonskorpset kjende julemelodiar som «I saw mammy kissing Santa Claus», «Romjulsdrøm», «Santa Claus is coming down», «Last Christmas», «Songen til julestjerna», «Glade jul» og «Jingle bell rock». Ved aldersheimen og sjuleheimen spela dei blant anna «Deilig er jorden», «Glade jul» og «Det lyser i stille grender».

Godt kledde var dei, og stod på i fin stil til julegrana var tent, og nissane hadde delt ut julegåver til dei minste. Tom Rydland gjekk i bresjen for fakkeltoget og leia lystenningsseremonien på plenen framfor Rådhuset. Verken han eller skulekorpsmusikantane let seg ikkje merka med vêret, og det gjorde heller ikkje ordførar Wenche Tislevoll. Ho heldt tale der ho minte folk på at det er viktig å sjå kvarandre, før ho talde ned til tenninga av lysa på treet.

Seremonien blei avslytta på høgtideleg vis med «Deilig er jorden»; Fitjar skulekorps spela og Tom Rydland var forsongar. Med slike musikantar er både regn og rusk til å leva med for eit takknemleg publikum som fekk ein solid dose julestemning å varma seg på.


Ole Rørvik gjer seg klar til å skapa julestemning med tubaen sin. Foto: Kjetil Rydland.


Vêret var ikkje mykje å skryta av, sjølv om det låg kvitt i Fitjar sentrum ei stund. Foto: Kjetil Rydland.


Fitjar skulekorps søkte ly framfor hovudinngangen til SPAR, og med hanskar på nevane viste dei at dei høyrer heime i 1. divisjon. Foto: Kjetil Rydland.


Kjekt med fakkel, synest Ørjan Havn Nesbø. Foto: Kjetil Rydland.