Torill Hartvedt og lesarane til Fitjarposten sette stor pris på kakene som Randi Dalen hadde laga. Foto: Kjetil Rydland.

Feira 10-årsjubileum med kake

Fitjarposten feira 10 år med å spandera kake på lesarane sine i Larsenbygget søndag ettermiddag.

Redaktør Håkon Hartvedt gav eit resyme over den 10-årige soga til lokalavisa han starta hausten 2005. Han nytta høvet til å takka lesarane sine, Fitjar kommune og det lokale næringslivet for samarbeidet.


Denne trioen gjorde opptakten til Fitjarposten, saman med Odd Sverre Larsen, som ikkje kunne vera til stades under markeringa i dag. F.v. Vidar Larsen, Ronald Hareide og Håkon Hartvedt. Foto: Kjetil Rydland.

Som kjent blir papiravisa til Fitjarposten nedlagt, så å seia på dagen 10 år etter at den første utgåva kom ut. Håkon fotel at opptakten til avisa blei gjort i oktober 2005, på eit møte han hadde med Ronald Hareide og brørne Odd Sverre og Vidar Larsen. Namnet Fitjarposten hadde Håkon med seg frå barndomstida til sonen, Jon Fredrik. 

I utgangspunktet tenkte dei mest på ei næringsavis, ikkje ei allsidig nettavis, som Fitjarposten har utvikla seg tilmed åra. På eit møte med næringslivet 2. november var gründeren Kjell Fylkesnes frå Stord med for å halda foredrag. Næringslivet i Fitjar ville vera med på prosjektet, og 28. november kom den første papirutgåva ut.

I den korte takketalen sin i dag framheva redaktør Hartvedt tre hovudpunkt som Fitjarposten har halde seg til i alle år: 1) fitjaridentiet, 2) bindeledd for næringslivet og 3) ingen saker skal vera for små. No gler redaktøren seg over at næringsllivet i Fitjar blir med vidare, sjølv om han har bestemt seg for å leggja ned papirutgåva, og satsa alt på nettavisa.

To av dei «medsamansvorne» frå skipingsmøtet i 2005, Vidar Larsen og Ronald Hareide, fekk velfortente blomar frå ein takknemleg redaktør. Det same gjorde Monika Hatlevik, på vegner av Fitjar næringsråd, og ordførar Wenche Tislevoll i Fitjar kommune. Sistnemnde nytta høvet til å takka Fitjarposten for det gode samarbeidet. Ho framheva spesielt at Fitjarposten har blitt ein del av vår identitet i Fitjar.

Halvannan time brukte publikum på å fortæra dei tre kakene som Randi Dalen hadde laga. Vonleg vil fitjarbuen vera like svolten på nyhende frå Fitjarposten dei komande 10 åra.

 


Wenche Tislevoll med eit velfortent kakestykke frå Fitjarposten. Foto: Kjetil Rydland.


Trym Træet såg ut til å setja pris på kaka. Foto: Kjetil Rydland.


Arne Gloppen kom heilt frå Oslo for å sikra seg Fitjarminne 2015. Foto: Kjetil Rydland.


Skal me dømma etter dette biletet, vil saknet etter papirutgåva bli stort. Her er det Vigdis Brakedal, Ragnhild Midtsæter og Ingrid Henriksen som studerer den siste papirutgåva. Foto: Kjetil Rydland.