Hilde Volden de Fine, Bjørg og Maren Sofie Strømme. Foto: Kjetil Rydland.

Julestemning i Losjehuset

Freden hadde senka seg i Galleri Losjen laurdag ettermiddag då me var innom på julemarknaden til Bjørg Strømme.

Stemninga var både intim og fredeleg då me var innom julemarknaden i Losjehuset laurdag ettermiddag. Bjørg Strømme lét vel over bra besøk både i går og i dag. Sjølv hadde ho selt både tunikaer i islandsk ull og andre velkjende produkt.

Med seg på julemarknaden denne gongen har ho dottera Maren Sofie Strømme, som blant anna stilte ut akrylkollasjar med fiskeskinn, med og utan geiteskinn. Og mykje anna fint. Hilde Volden de Fine var på plass med garn i ymse fargar, Nils Olav Hystad med knivar og Irene Torvund med tova produkt.


Lokale utstillarar på plass i Losjehuset; Nils Olav Hystad med knivar og Irene Torvund med sine populære tova produkt. Foto: Kjetil Rydland

Frå Bergen er Tone Nordahl-Pedersen komen med den handlaga glaskunsten sin. Ho har utdanning fra Kunstskolen i Bergen og hentar inspirasjon frå norsk natur og dyreliv. Frå Stord kom keramikkruppa i Stord Husflidslag, med Hildegunn Skjelten i spissen. Så vidt me kunne sjå var der og ymse kroppspleieprodukt å få kjøpt.


Tone Nordahl-Pedersen kom frå Bergen med glasfigurane sine. Foto: Kjetil Rydland.

Bjørg Strømme fortel at julemarknaden er open også i morgon, søndag.

types of anabolic steroids