Fitjar Barnegospel gledde både store og små med frisk song. Foto: Kjetil Rydland.

Skikkeleg «søa» på bedehuset under julemessa

Det var god gammaldags «søa» med god stemning, mykje graut, fine gevinstar og glade ungar under julemessa i Fitjar bedehus i dag.

Då me kom til bedehuset i halv eitt-tida i dag, var det var det allereie i ferd med å bli trongt om plassen ved dei mange borda. Og meir søa skulle det bli då ungane strøymde på. Ikkje ein ledig stol var å oppdriva då ungar med foreldre og andre slektningar hadde fylt lokalet. Trygve Eiken i bedehusstyret skein om kapp med dei glade ungane, og meinte det var rundt 275 menneske i lokalet på det meste.


Kristian Vestbøstad var stødig, men uformell konferansier under barneøkta på årets julemesse i bedehuset. Foto: Kjetil Rydland.

Derfor var det heilt på sin plass at den dyktige konferasieren Kristian Vestbøstad minte møtelyden på å sjå etter nødutgangane. Han heldt hovudet kaldt og leia folk gjennom den hektiske barneavdelinga av julemessa, på lett og ledig, men stødig vis. Mariann Steinsløand heldt andakt over orda i 1. Samuels bok 16,7. For Herren ser ikkje slik eit menneske ser. For mennesket ser på det ytre, men Herren ser til Hjarta.

Fitjar Barnegospel gledde forsamlinga med songen sin, før det blei matøkt og ein ny runde med åresal. Barna si julemesse blei avslutta med gull-lotto for dei unge. Dette lotteriet har etter kvart blitt tradisjon på desse julemessene.


Tre år gamle Torstein Simonsen såg ut til å trivast på julemesse. Foto: Kjetil Rydland.

Då ungane hadde fått sitt, overtok eit litt meir vakse publikum lokalet, og Rasmus Fitjar tok over som møteleiar. Også under dette tradisjonelle julemessearrangementet utpå ettermiddagen var besøket godt, det var sikkert over 150 menneske til stades. Svein Bjarne Aase heldt andakten, og det blei nye rundar med åresal før og etter matøkta. Til slutt blei premiane i loddbøkene trekte. Her var det selt lodd for titusenvis av kroner, og gevinstane var flotte.


Halvard Wiik hadde mykje fint og godt å by på. Raunebærsyltetøyet til Nils Vestbøstad er prøvd ut på Stord med stort hell, kunne han fortelja. Foto: Kjetil Rydland.

Konferansier under trekninga var Sylvi Røssland Sørfonn. Dagen på bedehuset blei avslutta på stemningsfullt vis med «Deilig er jorden».