Jublar for ny kontrakt

FMV Havbruk skal designe og byggje to arbeidsbåtar av design HFMV W15-8 Josdal. Reiarlaget er Seadive. Båtane skal leverast i mai 2016 og juli 2016. Render: Fitjar Mek.

FMV Havbruk jubler for ny kontrakt! Dei har inngått avtale med Seadive AS om design og bygging av 2 Josdal-klasse arbeidsbåtar, design HFMV W15-8. Fartøya får byggjenummer FMV224 og 225, og skal leverast i mai og juli 2016. Seadive og Stava Sjø går no saman i ei felles satsing for drift av båtar, KS Maritime as. 

– FMV leverte FMV203 «Obelix» i 2012, og me er svært fornøgd med å bidra til Seadive sin nye satsing. Me takkar for tilliten, ønskjer lykke til og ser fram til samarbeidet.

Seadive og Stava Sjø går nå sammen i en felles driftssatsing med navn KS Maritime AS (Kismul Stava Maritime AS). Dette blir et selskap med kapasitet, og som med blant annet 3 x HFMV Josdal nybygg retter seg inn mot det voksende markedet for spyle- og rengjøringstjenester. Seadive AS er ein maritim entreprenør som vart etablert i 1997 av Åge Kismul. Basen er i Toftøy Næringspark, Øygarden kommune. Selskapet har 4 båtar; «Asterix», «Miraculix» og «Brutalix», som er av type hurtiggåande dykkarfartøy, samt «Obelix», eit service/dykkerfartøy med stor kapasitet, av design HFMV W15 Sørfonn klassen, levert i 2012.

Seadive
Med desse to nybygga av HFMV Josdal klassen satsar Seadive igjen. Selskapet er velrenommert, og med nybåtane vert kapasiteten utvida innan ei rekkje oppdrag, eksempelvis spyling/reingjering, mindre serviceoppdrag, transport m.m. Ulike typar dykkar- og konstruksjonsarbeid har vore hovudarbeidet for Seadive. Dei har utført oppdrag for oppdrettsselskap sidan starten i 1997 og har opparbeidd god kompetanse i oppdrettsnæringa. Andre arbeidsområde er for entreprenørar, rigg, reiarlag og verft. Seadive opererer hovudsakeleg på Vestlandet men selskapet tilbyd òg tenester i heile Norge. 

Stava sjø
Stava Sjø AS har jobbar innan maritime serviceteenester og utleige av båtar og fartøy med mannskap. Selskapet utfører maritime servicetenester relatert til inspeksjon, vedlikehald, reingjøring, frakt, kraning og sleping for næring og private. Stava Sjø sin flåte består av moderne, godt utstyrte katamaranar av ulike storleikar spesialbygd for virkeområdet innan oppdrettsbransjen. Selskapet starta opp verksemda si i 2006, men eiger Trond Stava har jobba innan dykking og oppdrett siden 1998. FMV har tidligare levert FMV201 «Smaragd» og FMV204 «Safir» til Stava Sjø, og har nå under bygging FMV211 «Rubin» (leverast november 2015) og FMV222 (leverast mai 2016). 

KS Maritime AS
er ein ny aktør innan service og vedlikehaldsoppdrag for oppdrettsnæringa. Selskapet er ein ren drifts- og prosjektorganisasjon, eigd av Stava Sjø AS og Seadive AS som har basert etableringa på ei felles kvalitets- og sikkerheitsplattform. Saman har selskapa over 35 års erfaring med service, dykkar- og vedlikehaldsoppdrag for oppdrettsnæringa. Stava Sjø AS tilfører ein stor portefølje på spyleoperasjonar gjennom sin 5 år lange aktivitet i Sunnhordland. Gjennom desse åra er det etablert gode rutinar og ein har utvikla svært gode tekniske spylesystem.

KS Maritime AS sine ambisjonar er å byggje opp, og posisjonere seg som eit referanseselskap mot bransjen med sine spyletenester.  KS Maritime vil starte med ein helt ny flåte på 4 topp moderne, godt utstyrte katamaranar spesialbygd for verkeområdet innan oppdrettsnæringa. Dei vil samla kunne tilby dei fleste tenester og bidra til å utvikle nye, sikre og effektive løysingar til sine kundar. 

I tillegg til eigarane sine totale ressursar innan servicetenester og bemanna dykkaroperasjoner vil KS Maritime, i første rekkje Rogaland og Hordaland ha som mål å bli ein leiande underleverandør til oppdrettsbransjen.

— 

– FMV kjenner Seadive og Stava Sjø. Vi er strålande fornøgd med å få lov til å designe og byggje, og trur KS Maritime AS har framtida foran seg. Selskapet vil bidra til at den biologiske satsinga vi no ser komme innan fiskehelse vil lykkast. Myndigheitene peikar på kor viktig det er å få kontroll med luseproblematikken, og oppdrettsselskapa har ønskje om å få redusert kostnadene ved tiltak. Vi trur den satsinga desse to reiarlaga no gjer vil glede både oppdrettarar og myndigheiter, og kanskje mest av alt laksen sjølv, heiter det til slutt i ei pressemelding frå FMV.