Prolog av Else Hovland

I samband med 50-års-jubileet for Stranda bedehus sist søndag, las Else Hovland opp ei prolog ho skreiv til 25-års-jubileet. Prologen kan du sjå nedanfor. Foto: FP-arkiv/AV

Prolog til 25-års-jubileumsfesten
for Stranda bedehus, 25. november 1990.

Det er høgtid over dagen,
me er samla i festleg lag.
25 år ligg bak oss
sidan bedehusets vigsledag.

Så mang ein nådedag har runne
med himmelsigning vide
for oss som ferdast fekk i lag
mens tida fram har skride.

I gamal tid i krinsen vår
var samlingar i stova.
Det ymsa litt frå gard til gard,
men Herrens namn vart lova.

I krigens år, i 1941,
kom «vekkjing» over grenda.
Då Heilaganden tala klårt.
– Du må til Gud deg venda.

Skulehusets kjellarsal
var møtestaden då.
Kvar enda kveld me høyra fekk:
– Det nåde er å få.

På harde benk forutan rygg og stytta
med bøygde kropp, men ope sinn
sat ungdomen og lytta.

Johannes Amland, Herrens reidskap,
tala, spela fint og song:
«Innanfor eller utanfor
kor skal du stå ein gong?»

Ei nye tid braut fram
og tankar vart til ord.
Å reisa eige bedehus
i midtpunkt mellom sør og nord.

Då denne stad seg peika ut
som mest tidshøveleg.
Her under bratte flog
med skogkledd li, og hovudveg.

På Osternes festning, mellom buskar og kratt
stod brakker igjen då me landet fekk att.
Den største og beste vart skipa hertil,
gjorde kostnad av huset meire stabil.

Ei trugen nemnd vart vald
og pengar samla inn.
Ei gjevarglede stor
me då vart vitne til.

Gåver strøymde inn som midlar,
bruksting og inventar.
Den gode dugnadsånd
har fortsett til i dag.

Så rann då dagen med sludd og væte,
og huset vart fullt til siste sæte.
Styrets menn steig fram på rad
saman med Eide og Rannestad.

Sokneprest Tuvin minna om
den opne Jesu famn
og vigsla huset i Jesu namn.

Mange me saknar i denne tid.
Dei har flytta heim ifrå livets strid.
Dei odla kristne seder
og lukka følgde med.
Dei gav oss råd på vegen,
me takkar dei for det.

Det vart så tomt på plassen då dei for,
dei var for oss ei klåre rettesnor.
Kom i hug om ættledd skiftar snøgt,
det gjeld for oss å løfta arven høgt.
Gud sign vårt bedehus
til aller siste økt.

Så mang ein gong i denne tid
har me fått samlast her.
Til møte, fest, til bøn og song,
me merka Gud var nær.

Det talar så til meg ved seinhaust tid,
når vår og sommar er borte.
Det gjeld og nytta den daglege tid
før dagane blir korte.

Gud signe kvar og ein som tek ansvar og flid
i denne vår travle og oppjaga tid.
På muren må alltid nokon stå vakt
i bøn og i arbeid, som Herren har sagt.

Else Hovland