Ordførar Wenche Tislevoll klypper over ein kvist og erklærer konsulatet for opna, godt assistert av barnehageborn frå Bakken barnehage. Foto: Håkon C. Hartvedt

Høgtidsam opning av konsulatet

Med ordførar og Friluftsrådet Vest til stades vart det ein høgtidsam opning av Konsulatet på Rossneset i føremiddag.

Det var i samband med Friluftslivets år 2015 at konsulattanken kom opp. Tidlegare Stord-ordførar Liv Kari Eskeland var utnemnd til ambassadør, og på Stord har dei etter det fått ein friluftsambassade. Dei andre ordførarane i Sunnhordland vart utnemnde til konsular og utfordra til at få sett opp eit frilluftskonsulat i kommunane sine. I Fitjar fann ein så plass for dette på Rossneset.

Konsulatet, som har fått form som eit bålhus, ligg vakkert til mellom trea på ein plass som både barnehagen i Bakken og skuleklassar frå Rimbareid har nytta som rasteplass. 

– Samstundes er dette eit nytt område i eit nytt byggjefelt. Her går det stigar «alle vegar», og det ligg nært Fitjar sentrum og barnehage, sa ordførar Wenche Tislevoll, som takka grunneigar Karl Sandvik og Einar Breivik som eig nabotomta for stor velvilje.

– Me valde eit bålhus som byggjesett, passeleg grovt og høveleg. Grunnarbeidet har K. Volden teke seg av, mens Engevik & Tislevoll, ved Kjell Tislevoll og Trond Stokken, har teke seg av bygginga, fortalde ordføraren vidare og nemnde at òg Tore Nesbø, Bente Bjelland og Sigrid Fossum har gjort sitt til at bygget no står ferdig.

Det økonomiske er stort sett dekka av Hordaland fylkeskommune pluss litt dugnad.

Det var elles song av barnehageborna og tale av både Liv Kari Eskeland og Astrid Larsen frå Friluftsrådet Vest. 

Annar Westerheim tok òg ordet og meinte at 2015 er eit merkeår i friluftssamanheng. – For no har ordføraren forstått kva frilluftsrådet balar med, smilte han.

Styrar Torunn Aarskog i Bakken barnehage fortel at dei frå før har ein lavvo i området.
– At dette konsulatet no kjem i tillegg, gjer at me kan gå ut med fleire grupper samstundes. Det gjev oss større fleksibiletet. Alt i alt kjempeflott, sa ho til fitjarposten.no.

Systrene Liv Steien og Signe Heggøy «går Rossneset» som trimtur, men trur ikkje at dei kjem til å nytta konsulatet i den samanhengen.
– Men dette er ein flott plass å ta barneborna med til, seier Signe.

Etterpå vanka det pølser og meir til. Det hadde ikkje desse borna noko imot. F.v. Edel Brekke, Jakob Sørfonn, Sofie Føne, Frøya Halleråker og Julia Blicharska. Foto: Håkon C. Hartvedt