Ny kontrakt for Wärtsilä på Fitjar

Wärtsilä Ship Design leverer nok eit design for ombygging av offshorefartøy. Render: Wärtsilä

Den nederlandske skipseigaren C-Bed har kontrahert Wärtsilä Ship Design til å levere designet for ombygginga av selskapet sitt seismikkfartøy «Viking II» til eit hotellfartøy. Etter ombyggina skal fartøyet huse og transportere servicepersonell som jobbar på offshore-vindparkar. Ombyggingsprosjektet blir gjennomført ved Fayard-verftet i Danmark, og skal fullførast i løpet av første kvartal i 2016. Kontrakten med Wärtsilä vart signert i september. 

Wärtsilä utvikla òg originaldesignet til «Viking II», tidlegare kjent som «Veritas Viking II» som vart levert i 1999 til den opprinnelege eigaren Eidesvik. Etter ombygginga vil fartøyet ha hotellfasilitetar for 125 personar, samt ein hiv-kompensert gangveg. Fartøyet vil ha SPS-klasse (Special Purpose Ships), og vil i framtida få namnet «Wind Innovation».

 – Dette er et prosjekt med kort leveringsfrist, og det var svært viktig at våre skipsingeniørar kunne svare raskt på kunden sine krav. Det klarte vi, og vårt design vil gi eit fartøy som kan operere effektivt og gi høg passasjerkomfort sjølv under utfordrande sjø- og vêrforhold,” seier Ove Wilhelmsen, adm. dir. i Wärtsilä Ship Design Norway.

– Wärtsilä har lang erfaring med å utvikle design for vindmøllefartøy, både til servicefartøy og installasjonsfartøy.  Eigarane viser no aukande interesse for ombyggingsprosjekt på grunn av den noverande overkapasiteten innan store delar av offshoremarknaden, heiter det til slutt i pressemeldinga.