Opning av konsulat for friluftlivets år i Rossneset

Onsdag 25.11. 2015 kl. 11.00 vert  det opning av konsulat for friluftslivets år i Rossneset i Fitjar.

 – Konsulatet er eit bålhus som kan nyttast av alle som ferdast  i dette flotte friluftsområdet.  Her er grill, parkbord og gruve . Bålhuset er lett tilgjengeleg for både gåande, rullestol og barnevogn.  Ein kan velja om ein vil gå turstien  som går heile vegen frå idrettsplassen om lag 1,5 km  eller om ein vil gå 200 meter på sti, fortel kultursjef Bente Bjelland til fitjarposten.no.

Den offisielle opninga vert føreteke av  ordførar  Wenche Tislevoll.

Det vert enkel servering og lett underhaldning.