Jakob og Lars Vik i samtale med Martin Nygård. Foto: Kjetil Rydland.

Bokslepp med variert stoff

30 ivrige lesehestar fylte Seniorsenteret på biblioteket då tre nye bøker blei sleppte ut på marknaden tysdag kveld.

Boksleppet var eit samarbeid mellom Fitjar folkebibliotek, Fitjar sogelag og Fitjarposten. Som så ofte før stod Håkon Hartvedt i fremste rekkje, saman med Silje Torbjørnsen, Magnar Kloster og Skåta-gutane Jakob og Lars Vik.


Magnar Kloster las høgt frå «Fitjarminne 2015». Foto: Kjetil Rydland.

Tre bøker blei presenterte i kveld; Fitjar sogelag lanserte det nye sogeskriftet sitt «Fitjarminne 2015», medan Håkon Hartvedt presenterte dei to bøkene Fitjarposten gir ut i år. «Skråblikk frå Skåtet» er ei samling morostubbar frå den faste spalta som Jakob og Lars Vik har hatt i Fitjarposten. Boka «Fitjarportrett» er ei samling med 10 portrett som har stått i papirutgåva til Fitjarposten i løpet av dei siste 10 åra. Håkon Hartvedt har intervjua dei kjende fitjarbuane Elisabeth Madsen, Karl Gloppen, Gustav Levåg, Størk Sørfonn, Martha og Gudmund Gloppen, Morten og Solveig Thunestvedt, Lidvald Stubhaug, Alma Kjerland, Ole Vidar Helland og Frode Korneliussen.

Den sistnemnde boka går ikkje frå trykkeriet i Danmark før i morgon, fortalte Håkon Hartvedt. Men morostubbane i «Skråblikk frå Skåtet» blei grundig presenterte av dei to humoristane Jakob og Lars Vik. Til allmenn lått og løye blant det vaksne publikumet. Magnar Kloster presenterte sogeskriftet «Fitjarminne 2015», ei imponerande samling artiklar frå den nære og fjerne soga vår.

I morgon vil to av bøkene vera å finna hos Thea Træet og bokhandlane på Stord. Og dei som ikkje har kjøpt bøkene før søndag, får ein alle tiders sjanse då. Den dagen feirar nemleg Fitjarposten 10-årsjubileum i Larsenbygget. Der vil Håkon Hartvedt fortelja om den 10-årige soga til Fitjarposten, og det vil bli høve til å kjøpe dei to nye bøkene som blei lanserte i kveld – og kanskje òg den tredje.