Fann regnboge inne i isbit

Ho har auge for detaljar, Olava Devik. Dermed såg ho noko som me andre kanskje ikkje hadde lagt merke til. Foto: Kari Giske

Då ho var på tur i går i lag med dei andre 1. klassingane, fann ho ein isbit. Ein isbit som ein vanlegvis ville kaste ifrå seg igjen. Men ikkje denne. For inne i isbiten såg Olava ein regnboge. Det syntest ho var så spesielt at ho viste den til lærarane sin, Kari Fjugstad Giske, som har sendt oss dette biletet.

Ser du nøye etter kan du òg sjå ein liten regnboge opp til venstre på isbiten.