Viktig kontrakt til Wärtsilä

Ein kontrakt på ein ny, stor fisketrålar sikrar er med på å sikra jobben for dei som er igjen på Wärtsilä Shipdesign på Fitjar. Render: Wärtsilä.

 – Me har vore igjennom ei tøff og vanskeleg reduksjon av tilsette. Då er det spesielt gledeleg at vi no har sikra oss ein stor kontrakt som er med på å sikra jobben for dei som er igjen, kommenterer administrerande direktør Ove Wilhelmsen, etter at Wärtsilä Shipdesign har signert kontrakt om ein ny fisketrålar med Nauta i Polen.

Wârsilä Shipdesign på Fitjar skal levere design, medan Nauta i Polen skal stå for bygginga.

– Prosjektleiaren og disiplinleiarane jobbar her på Fitjar, medan folka våre i Polen skal ta seg av detaljar og jobba i nær samarbeid med verftet, fortel Wilhelmsen, og fortset:

– Med tanke på framtida ser me det som viktig å satsa nettopp på skipskontraktar innan fiske- og fiskerelaterte næringar. Wärtsilä Shipdesign har allereie etablert kontakt med verksemder innan desse næringane.

Etter planen skal fisketrålaren, som er bestilt av eit skotsk reiarlag, vere ferdigstilt i 2017. 

I dag jobbar 50 personar på Wärtsilä Shipdesign på Fitjar.