Feira seg sjølv

 

Søndag 22. november feira Stranda bedehus seg sjølv, med samling rundt Guds ord og sosialt samvær med smørbrød og kaker.

 

 

 

Medan bilane susa forbi på utsida, var det roleg høgtid innfor veggene på Stranda bedehus, med rundt 60 frammøtte. Der helgetrafikken telte minuttar til avreisetider, ferjer og når ein skulle vera framme ved slutten av reisa, telte Svein Bjarne Aase, talar for dagen, tusenvis av år, både frå start-tidspunkt og det endelege målet.

 

Bedehuset, som kom ut av restane av matsalen på Osternes festning, blei innvigd i 21. november 1965. Fram til då hadde det kristne samværet vore i heimar og på skulehuset, under ymse tilhøve, slik det blei skildra i prologen Else Hovland las. Behovet for eit eige hus viste seg då mange kom til tru under ei stor vekking som starta i 1941, og sidan 1965 har altså huset vore det faste sentrumet for det kristne arbeidet i bygda.

 

Ein kan dokumentera mykje at det som har skjedd i det kristne miljøet på Stranda, mellom anna med møtereferat frå innviingsmøtet i 1965. Foto: Arne Vestbøstad

 

I løpet av kvelden kom det fram at også Fitjar musikkforening, som bidrog med song under møtet, også er 50 år. Den blei starta i desember 1965 av Lars K. Vik. I same slengen fortalte Vik at hans erfaring med å syngja i dette huset strekte seg endå lenger tilbake enn 1965. Alt då huset gjorde teneste på Osternes festning hadde han sunge der med Fitjar songlag. Den gongen var det nasjonale songar som blei framført, til soldatane som hadde vakt der.

 

Når ein tenkjer etter, kan ein også sjå eit vemod over feiringa. Formann i Stranda Indremisjon, Torkel Helgaland, fortel at huset i dag berre er sporadisk i bruk, etter at søndagsskulen slutta av for nokre år sidan. Men han minnest at då han flytta til bygda med familien i 1984, var det kanskje eit 30-tals ungar å sjå der. Eit bedehus treng folk for å leva. Helgaland innrømmer at rekrutteringa til brukarar av huset er laber; Det fell fleire frå av naturlege årsaker enn det kjem til.

 

Tordis Eide, Else Hovland og Gerd Eide har vore faste på bedehuset meir eller mindre frå starten av. Her saman med formann i Stranda Indremisjon, Torkel Helgaland. Foto: Arne Vestbøstad