Imponerande debutar

Under Sotrafestivalen 2015 debuterte Fitjar skulekorps i 1. divisjon med ein god 4. plass. Ragnhild Prestbø debuterte som konkurranse-dirigent for Fitjar musikklag, som debuterte som generasjonskorps under Sotrafestivalen. Sistnemnde stakk av med sigeren i sin klasse og Fitjar fekk med det mykje å gle seg over laurdag kveld.

Ragnhild Prestbø overtok dirigentstokken i Fitjar musikklag i haust og med hjelp frå musikantar frå Fitjar skulekorps og god, målretta øving var musikklaget klare for å delta i korpskonkurransen Sotrafestivalen for første gong laurdag 21. november.


Fitjar musikkklag, med sin dirigent Ragnhild Prestø, på scenen under Sotrafestivalen2015. Foto: Astrid Koløen Prestbø 

På programmet stod Vikingkirken, A gaelic blessing og Congratulations, og domarane likte tydeleg det dei høyrde. Korpset har jobba målretta fram mot Sotrafestivalen i haust med særleg fokus på styrke, klang, samspel og intonasjon, og har tydeleg lykkast då dei fekk skryt av domarane for nettopp det. Med 95 av 100 moglege poeng for spelinga og 10 av 10 moglege for programmet haldt det til ein klar siger over dei andre fire korpsa som deltok i generasjonskorps-klassen. Med andre ord ein svært god debut både for den unge dirigenten og for musikklaget.


Kristian Prestbø og Audun Arthur Mehammer tar imot 1.premien på vegne av Fitjar musikkklag. Foto: Helga Rimmereid

Fitjar skulekorps har delteke i Sotrafestivalen 4 gongar før. Dei starta i 3. divisjon  med siger i sin divisjon både i 2010 og 2011, så har dei klatra oppover i «gradene» med ein 3. plass (2012) og ein 7. plass (2013) i 2. divisjon, og var i år etter siger i 2. divisjon i NM for skulekorps i Stavanger i juni i år klare for å prøva seg i 1. divisjon. Korpset leverte programmet sitt som bestod av When Thunder Calls, Eyes of a Child med flygelhornsolo og Showstoppa på ein svært framfragande måte og fekk svært gode tilbakemeldingar frå domarane. 

Fitjar skulekorps, med euphonium/baryton-rekkja i front, på scenen under Sotrafestivalen 2015. Foto: Helga Rimmereid

God klang, flotte solistar og grupper, gnistrande godt slagverkspel, strålande lyd, imponerande sound, nydeleg klang og framføring av flygelhorn-solo av Guro Rimmereid, stilig og kult spel av grovmessing på avslutningsnummeret og svært god nivå-stigning for heile korpset på kort tid, sa domarane i sine kommentarar etterpå. Forbedringspotensialet ligg først og fremst i dynamikk, svake parti og intonasjon. Med 92 poeng for det musikalske og 8 poeng for programmet, og ein god 4. plass, berre eit skarve poeng bak bronseplassen, fekk dei unge korpsmusikantane frå Fitjar synt at dei verkeleg høyrer heime i 1. divisjon. Godt arbeid gjennom mange år både av dirigent, musikantar og støtteapparat har verkeleg gjeve store resultat og ein kan no gle seg over at Fitjar skulekorps er blant dei aller, aller beste brass-skulekorpsa i landet. Korpset har skreve historie mange gongar sidan oppstarten i 1960, og kan feira 55-årsjubileet i år med nok ein stor milepel; Fitjar skulekorps er heilt klart eit 1. divisjonskorps!

Sagvåg skulekorps deltok og i Sotrafestivalen 2015 og kom på 3 plass i 3. divisjon brass.

Heile resultatlista for Sotrafestivalen 2015 kan ein sjå på http://sotrafestivalen.no/

Ingressfoto: Fitjar skulekorps, med sin diriegent Svein Roger Koppang, på scenen under Sotrafestivalen 2015. Foto: Helga Rimmereid