Sea King-helikopteret søkte att og fram mellom Fodno og Hellandssjøen under leiteaksjonen laurdag. Her heng det over Nordresjøvegen i Vestbøstadfeltet. Foto: Arne Vestbøstad

Leiteaksjonen avslutta

 Leiteaksjonen rundt Vestbøstadvikjo er no avslutta og politiet ønskjer kontakt med vitne som kan ha sett dei som skaut opp naudbluss.

Laurdag ettermiddag blei det observert naudbluss i området rundt Vestbøstadvikjo, og politi, brann- og redningstensta, ambulanse, raudekrossen, Sea King og redningsskøyta mobiliserte. Søket varte i omlag halvannan time. Då hadde politiet i løpet av aksjonen fått inn fleire observasjonar som tyda på at naudblusset blei skote opp frå land i området mellom Vestbøstadvikjo og byggjefeltet.

 Ambulanse og brann- og redningstenesta blei permiterte rundt 17.15, medan redningsskøyta og Sea King-helikopteret gjorde avsluttande søk langs land.

 

Alle utrykkingsetatane var samla på Kalveid under søket. Foto: Arne Vestbøstad

Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politisdistrikt, Trond Børge Åsbu opplyser at politiet no ønskjer å komma i kontakt med vitne som kan ha sett dei som sendte opp naudblusset. Vitneobservasjonar av raketten tilseier at oppskytingsstaden ligg mellom Nordresjøen i nedre Vestbøstadfeltet og sjøen. Han fortel vidare at politiet ikkje kan sjå mellom fingrane med misbruk av naudrakettar og at forholdet ligg an til å bli anmeldt.

I og med at Fitjarøyane blir mykje nytta av padlarar og førarar av fritidsbåtar, såg politiet ingen grunn til å ikkje ta oppskytinga alvorleg då meldingane kom inn, og sette heile redningsapparatet i sving, men denne gongen fann dei altså ingen i naud.