Stranda bedehus 50 år

Stranda bedehus markerer 50-års-jubileum i morgon. – Eit resultat av vekkinga under krigen, sjølv om huset først vart bygt over 20 år etterpå, seier Else Hovland til fitjarposten.no. Foto: Johannes Nesse

– Det var ei stor vekking her i 1941 ved Johannes Amland, og mange kom til tru. Mellom anna var det store søskenflokkar her då, og ikkje som no når det er færre born i kvar familie. Før bedehuset vart bygt hadde me møta i skulekjellaren, fortel Else.

Ho hugsar vidare at då huset var bygt stod Gustav Engevik og Tollak Raunholm i spissen for det – i tillegg til mange dugnadsfolk. 

– Me fekk kjøpt brakkar som hadde stått på Osternes Festning under krigen og tok det beste av materiale frå dei. Spesielt frå matbrakka som var den beste, minnest Else.

På innviingsfesten i november 1965 var det sokneprest Einar Tuvin som stod for sjølve innviinga og heldt talen. Men Bjarne Eide frå Indremisjonen, og ein Rannestad, var òg med. Huset har hatt ei ombygging. Då laga ein til rom oppe til søndagsskule og bønemøte i 2. høgda.

Når det skal jubilerast i morgon, søndag, kl. 18.00, er det Svein Bjarne Aase som skal halde talen, Fitjar Musikkforeining skal syngja – og Else Hovland skal lese sjølvskriven prolog.